Utviklinga i Skandinavia frå stokkebåt til havgåande roskip før jarnnaglar kom i bruk.

 

Grunnlaget for denne framstellinga er observasjonar, røynsler under paraktisk arbeid og oldtidsfunn gjort i tida 1947 til 1998 på Mangersnes i Radøy kommune, Hordaland fylke

Det vart her dei første åra gjort funn av ymse tilhøve som ikkje kunne forståast ut frå den ålmenne stoda i vår tid. Steinrestar på sjøbotnen tvers over innløpet til Nesvågen var restar frå ei stor fiskefelle, men kvifor var det trestammer i myra ovanfor vågen og ikkje røter ? Kvifor var det trakkheller og stein som var flat oppå over store delar av myra og i eit skar ut mot vågen var det planert ut ein veg med rullestein?

Desse tilhøva var ikkje gløymt då det sumaren 1983 datt ein liten stokk ned frå lega si under oppreinskingsarbeid i Va, som rann gjennom myra. Stokken var hogd med øks i eine enden og låg på gamalt rullesteinslag, men under eit om lag 60 cm tjukt lag med restar etter hogst.

gravfelt.gif (67955 bytes)

 Nesvågen i Radøy kommune med markert funnstad

 Gravfeltet i det eldste området 1. og 2. århundre etter Kr.

Finnaren reiste til Bergen med stokkeenden for å få den 14 C tidfest. Dette ville gjeva sikrare brukstid enn gissing på tida 300 til 1100 e.Kr.

På Historisk Muséum, arkeologisk avdeling, var responsen laber, men det endte med at det seinare vart bestemt å få stokken tidfest og finnaren skulle få melding om resultatet etter 4 - 5 månader. Det var godt over tida då finnaren gjekk for å spørja. Tenestemannen såg forundra opp og sa at han hadde gjeve ordre til sakshandsamaren at finnaren skulle ha melding om resultatet. På spørsmål om tida, var svaret at det var frå romersk jarnalder, om lag 300 e.Kr. Stutt tid etter flytta tenestemannen til Oslo, og då finnaren ville ha meir nøyaktig tidfesting frå arkeologisk avdeling, var det berre unnvikande påskot å få. Ut frå fleire tilhøve kom finnaren til ei tid om lag 200 e.Kr. Etter påtrykk kom det i 1988 melding om at tidfestinga var 185 (+/- 75) e.Kr.

Dette var opptakten, og det vart slett ikkje betre i åra som fylgde, men vask av skitneklede høyrer ikkje til i denne framstellinga.

Professor Peter Emil Kaland sa på eit seminar for lærarar i Nordhordland at funna på Mangersnes hadde gått tapt om ikkje finnaren hadde vore så sta.

Ein bonde- og fiskarkultur med trearbeidsverksemd, der det har vore reparert og bygd båtar mm. i dei første 600 år av vår tidsrekning i eit område med svært gode bevaringstilhøve, vart berga avdi finnaren var sta nok til å stå imot prestisje, byråkrati og fylgjene av karrierejag der vitskapen nære på kvarv vekk i mange høve.

Båtar av fleire slag frå bronsealderen (1800 - 500 før Kr.) er å sjå på bergristningar, og eit av desse var i bruk i meir enn 100 år inn i førromersk jarnalder, då betjarn som øksar m fl var kome i bruk og innarbeidd i ymse former for arbeid med trevirke. Dette førde til nye løysingar som endring i byggjemåte, materialval og skap.

Det var nye behov og mogelege løysingar for desse som som mellom anna var drivkreftene i utviklinga. Ymse former for stokkebåt med skvettskjermar av skinn, førde til ei utvikling av båtar med stokkebåtliknande botn og skrogforlengjarar framme og bak. Denne kunne vera utspent med varme og vatn og halde i form med spant mm. Desse stammeforlegjarane har det vore ymse teoriar om. Mellom anna er det sagt at det kan vera til hjelp for å dra eller bera båtane på land. Truleg er det fleire fordelar med desse lange stamnane enn det me i dag har føresetnader for å forstå. Det kan vera for å endra straminga i skinnkledninga på båtsidene når skinnet tørkar eller vart vått. I så fall må det vera mogeleg å regulera straminga langs etter esinga.

Overbygget var eit rammeverk av spant(band), esingplankar og tofter mm., kledd med skinn som var festa til esingplankane, spanta og botnplanken. Esingplankane hang på spanttoppane og desse bar toftene som padlarane sat på. Toftene var samstundes tverrstag i båten og hadde ei eller fleire støtter ned på spanta eller direkte på botnplanken. I samband med desse støttene kan det ha vore eit rammeverk som tverravstivning, som på den seinare Hjortspringbåten frå Als i Danmark (om lag 330 før.Kr)

Båten, som vart padla fram, måtte vera så bratt innvendig at padlarane kunne sitja ved esingplanken med føtene ned, ikkje på skrå til sides.

Utviklinga hadde i bronsealderen vore på veg bort frå dei ymse stive og tunge formar for stokkebåtar til lettare og smidigare båtar, som meir glei over bårene i staden for å gå rett inn i dei som ein tømmerstokk.

Desse båtane hadde ymse storleik, men det er tvilsamt at dei var så store som Hjortspringbåten, som var 13,3 m lang i båtrommet si lengd, om lag 1,95 m breid og om lag 0,7 m djup og vart padla fram av 20 mann, med 2 mann på kvar tofte.

På nokre bergristningar er det teikna store båtar med mange mann, men ein må ikkje gløyma at båten var eit kultsymbol og derfor har lett for å auka sterkt i storleik og talet på folk ombord.

På bergristninga frå Kalnes, Tune i Østfold har &laqno;bergkunstnaren» ikkje rita symbolske kultiske båtar, men realistiske teikningar av eksisterande båtar i form og storleik med dei folka som var om bord.

helleli.gif (56800 bytes)

 Helleristning frå Kalnes,Tune i Østfold.

Båten til venstre er om lag 9 m lang, om lag 1,3 m breid, om lag 0,7 m høg, og det har vore om lag 7 mann i båten.

På små båtar har truleg sidene vore noko innsvinga for å sikra jamvekt og samstundes letta padlinga.

Det var desse båtane som førde utviklinga vidare frå stokkebåtane i steinalderen med skvettskjermar til mykje mindre høgde på sjølve stokkebåten, medan denne fekk skinnkledde sider ovanfor botnplanken, og spanttoppane bar esingplankane med toftene, som samstundes var tverrstag i båtane. Dette førde til lettare båtar, som det samstundes var mogeleg å endra på, når dette var naudsynt.

Bergristningane på Kalnes er frå siste halve luten av bronsealderen, og det var båtar av dette slaget som førde til utviklinga vidare til andre båtar, som mellom anna Hjortspringbåten, om lag 330 før.Kr

Hjortspringbåten hadde spant som var laga av tunne bøygde hasselkjeppar, og desse spanta kom inn i bygginga av skinn og trebåtane i bronsealderen og dei vart nytta til etter år 0, då utviklinga mot roskip var i gang. Desse båtane krov sterkare spant enn hasselkjeppane og 3. spant frå Manger II syner at det var vanskar med å finna krokvoksne emner som høvde til båtar med bratte sider som på Manger II. Det er truleg at dei tidlegare hadde byrja å bøya dei tunne spanta medan dei vaks, som til dømes som rotskot på ein rotstube, og det var mogeleg å &laqno;hjelpa til» på grove spant som ikkje hadde den krokvokster som høvde. Roskipa etter Manger II hadde mindre bratte spant og vikingskipa hadde samansette spant med kner og bitar mm og då kunne båtbyggjarane forma spanta som det høvde.

Utviklinga gjekk vidare til det havgåande roskipet Manger II, om lag 160 e.Kr. Neste steg i utviklinga kom om lag år 300 e.Kr, då sideplankane vart sauma saman med klinknaglar av jarn, og den om lag 700 år gamle saumingstradisjonen frå båtar som Hjortspringbåten fall bort. Samstundes som det då ikkje lenger var naudsynt med tradisjon frå bronsealderen med å ha esingborda med toftene hengjande på spanttoppane, for no var båtsidene &laqno;sjølvberande».

Roskipet Nydam B, eikeskip om lag 23 m langt, er det første som er funne med jarnklinkenagla sideplankar, datert etter årringane til 320 e.Kr

Hjorspringbåten, ein smal krigskano, er den einaste som er funnen frå overgangstida, då skinnet var bytt med tilhogne bord(plankar) med surringsklampar for feste til spanta. Uthogne, sterkt kløfta stamnar eller trappetrinnstamnar vart sett inn for samanbinding mellom botnplanken, sideborda og esingborda. Sideborda vart sauma saman med tråd av tvinna lindebast. Kvart sting gjekk gjennom eit hol i kvart bord, to gongar rundt sua. Enden på saumtråden hadde ein knute som vart liggjande ved kanten av saumholet på innsida av båten, medan stinget vart sauma. Det var då tre trådar i startholet og to i dei andre. Når stinget var strama, vart det låst fast med å slå ein kile inn i startholet på innsida og så ein kile i det andre holet. Det var ikkje meir enn ein knute i kvart sting, for kilane låste trådane og tetta hola, som var romlege nok for framføringa av tråden.

 Sauming av båtbord

 Hjortspringbåten

 Valderøybåten

 

Denne syinga vart nytta i minst 700 år og er kjend frå Valderøybåten om lag 330 e.Kr., Hjortspringbåten om lag 330 før Kr. og har vore nytta på Manger II om lag 160 e.Kr. På Valderøybåten vart det nytta tvinna tarmsener som tråd, då desse er sterkare enn lindebast. Mest truleg på Manger II òg, særleg avdi denne båten har vore nytta på langfart.

Denne sauminga er ikkje i samvar med den rekonstruksjon Gustav Rosenberg kom fram til og gjorde kjend i boka "Hjortspringfundet" 1937, København.

Jarnalderen førde snøgt til billigare og betre reiskap som gjorde det mogeleg å nytte trevirke til fleire føremål enn før, td. båtbord med surringsklampar. Sauminga av desse med tråd førde til at konstruksjonen frå bronsealderen med esingplankar og tofter hengjande på spanttoppane ikkje kunne endrast, avdi borda ikkje kunne bera meir trykk ovanfrå enn si eiga tyngde.

Eit båtfunn, representert med meir enn halvparten av eit spant(band) med spanttopp i behald, vart i 1996 gjort i den eldste delen av funnområdet på Mangersnes i Radøy kommune. Båten har fått nemninga Manger II og er 14C tidfest til om lag 160 e.Kr.

 Spant med høgde 93 cm og breidde 185 cm av

naturleg krokvokse emne

 

Spantet frå Manger II er tredje spant i båten. Storleik og fasong er nær på likt med midtspantet på Hjortspringbåten.

 Manger II

 Hjortspringbåten

Spantet gav langt meir informasjon enn det ein skulle tru var mogeleg. Denne informasjonen og ymse andre tilhøve har gjort det mogeleg å rekonstruera det meste av båten. Ein "feilfri" rekonstruksjon av Manger II er sjølvsagt ikkje råd å laga, men resultatet vart langt betre enn ein på førehand kunne venta. Utgangspunktet for rekonstruksjonen er litt over halvdelen av eit spant(bord) der det oppe i overgangen mellom oval og firkanta form vanta eit stykke. Denne overgangen er laga så stutt som mogeleg i rekonstruksjonen, men stigninga på 12 grader på esingplanken mot stamnen ved det spantet som vart funne, tyder på at denne overgangen kan ha vore bort imot 10 cm lenger.

 Spanttopp med ca12 grader helning. Manger II

Øvste delen av det ovale i spantet vart under utgravinga skore på skrå i tre like lange delar, som tilsaman var om lag 14 cm. Desse vart med ein gong pakka kvar for seg og samla i ein plastpose, men var ikkje å finna seinare.

Sjølve spantet vart rekonstruert av Bård Kolflåth, Einar Bauge, begge frå Manger, og Arne Høyland frå Eikanger. Det vart laga to spant i naturleg storleik av trevirke, men det var ikkje mogeleg å få inn ein "feilvokster" i meir enn det eine. Desse spanta skal no setjast opp på kvar si kryssfinerplate med 25 cm bordkledning for å syna tverrsnittet av Manger II. Borda skal saumast som Valderøybåten med dyresener som tråd. Sjølve stinga vert som på Hjortspringbåten og Valderøybåten, rundt sua to gongar med eit hol i kvart bord som einskildsting og låsa tråden og tetta holet med ein kile i kvart hol.

Ein annan rekonstruksjon av den mindre og mykje yngre Manger I, som er laga, skal setjast inn mellom "armane" på Manger II, slik at det klart syner utviklinga mellom dei to båtane. Den største har tradisjonen frå bronsealderen med esingborda og toftene hengjande på spanttoppane i behald. Den har og den om lag 500 år gamle tradisjonen med sauminga frå Hjortspringbåten, der denne siste gjer den eldste naudsynt, sjølv om det opphavelege skinnet vart bytt ut med tilhogne bord(plankar).

 Tverrsnitt av Manger I med esing og spantsamanføying som Nydam B.

Dette utvikla seg vidare til Nordfjordbåten m.fl.

På skrå over spanttoppen på Manger II går det eit vernespor for surring til noko som måtte vera på innsida av spanttoppen, dette sporet var om lag 7 mm djupt og 12 mm breidt og høvde for to surringsstrådar med tverrsnitt 6,5 mm. På innsida av spanttoppen var det tydelege trykkmerke frå trevirke. Desse tilhøva avgjorde at spantet var frå ein båt som i konstruksjonen var eldre enn Nydam B båten, 320 e.Kr, men då resultata av 14C prøvene kom, var spantprøven frå om lag 160 e.Kr. Dette sette Manger II i konstruksjon og tid mellom Nydam B og Hjortspringbåten. Det var om lag 300 e.Kr. at jarnnaglar først vart nytta til å sauma saman båtbord i Skandinavia, og derfor er det sikkert at båtborda i Manger II var sauma i den gamle tradisjon frå Hjortspringbåten, noko som og er i samsvar med at esingborda med toftene hang på spanttopane. Trykkmerka på innsida av spanttoppen kom frå utsparinga for spanttoppen i esingplanken avdi tråden i vernesporet drog spanttoppen mot trevirket på innsida av utsparinga.

 Spanttopp med esingplank frå Manger II Santtopp Nydamtype

Med utgangspunkt i utsparinga på det spantet som vart laga etter rekonstruksjonen, er det no teikna eit tverrsnitt av Manger II ved dette spantet. Bernt Kristiansen, Os, har teikna båten som eit roskip etter denne tverrsnittteikninga og målsette riss.

 Teikning av Manger II

Båten var om lag 15 meter lang utan stamnspissane, 2,5 meter breid og om lag 0,95 meter djup på midten. Høgda ved stamnane har vore om lag 2 meter. Det var 13 spant(band) medrekna rongspanta i båten. Det var 9 tofter, som og var tverrstag. Manger II var eit roskip og førde ikkje segl. Det er funne ein keip på Mangersnes som er tidfest til om lag 160 e.Kr, same tidfestinga som for spantet. Denne keipen er for liten for ein så stor båt, men viser at keipar var i bruk på denne tida. Det var truleg 9 par keipar i båten, som var lettbygd og vog om lag 1500 kg iberekna årar. Hjortspringbåten var om lag 1/3 av dette.

 Manger II tofte, tverrsnitt og gangflakar.

Toftene var nagla til ein sterk surringsklamp i esingbordet, på kvar side av spanttoppen i begge endane av tofta. Det var laga ei utsparring i begge tofteendane der spantet var surra til eit hol midt på surringsklampane. Toftene vart då tverrstøtter i båten utan å pressa spantet direkte. Toftene var om lag 22 cm breide og var forsterka med ein "rygg" på undersida og det var eit smalare parti midt på toftene. Dette vile gjera det lettare å gå midt etter båten i uroleg sjø. Det har vore gangflakar, truleg tredelte, i kvart ro-rom. Alle måtte vera festa, men det måtte vera mogeleg å løysa midtflaken snøgt, særleg for lensing i fall det kom mykje sjø inn. Surringshola på det rekonstruerte spantet syner at botnplanken her har vore om lag 30 cm breid, medan den på midten har vore nær på 60 cm breid. Hola for surrings-klampane på kvar side av midten er markert firkanta. Dette tyder på ekstra sterk surring med sterkt trykk av kilar mot endeved for låsing av surringstråden.

På Manger II var det 5 bord utan skøyt på kvar side av botnplanken. Breidda var om lag 30 cm og tjukna på bordet var om lag 23 mm, med unnatak for esingborda som var mykje sterkare og om lag 25 cm breide.Dei to esingplankane som hang på spanttoppane og var nagla til esingbordet var og utan skøyt og hadde utsparingar for spantoppane og gjekk frå stamn til stamn. Det var skøytt inn trappetrinnstamnar eller sterkt kløfta stamnar på botnplanken med vassrett lask. Sideborda vart festa til stamnane med trådsting og sterke naglar utanom stinga.

Sør og aust i Østersjøen nytta vendiske stammar, i Noreg kalla Jomsvikingar, så seint som i slutten av vikingetida trenaglar som saum mellom borda, men i stamnane nytta dei jarnsaum. Den svake trådsaumen gjorde det naudsynt med trappetrinnstamnar eller sterkt kløfta stamnar i eit stykke, som på Hjortspringbåten om lag 500 år tidlegare. Denne hadde rund og glatt botn og vog om lag berre 550 kg og kunne berast på land. Manger II vog om lag 1500 kg og måtte ha ein sliteplank midt etter botnplanken.

Manger II er så nær overgangen frå sauming til klinking med jarnnaglar at det på mange måtar er stor likskap mellom denne og Nydam B (320 e.Kr). Roskipet vart forma og kom i bruk før borda vart sauma saman med klinknaglar av jarn om lag 300 e.Kr. Manger II var eit sovore skip, og er det eldste havgåande roskip som er funne i Skandinavia. Slik Nydam B står i dag ved Gottorp Slot i Slesvig er den truleg i skap ikkje tenleg på opne havstrekningar. Det at ein båt er stor, er ikkje det same som prov for at den kan nyttast på ope hav. Nydam B gjev i dag meir informasjon om bygging av roskipa på denne tida enn alle dei andre funn til saman, men småfunn frå ymse stadar kan gjeva eit vidare og meir variert bilete av heile utviklinga.

Manger II hadde truleg ikkje sterkare "spring" enn røynsler gjennom 500 år frå Hjortspringbåten hadde vist var naudsynt, for det er noko som nemnast vindfang. På Kvalsundbåtane m.fl. var det viktigare å imponera enn at dei var så sjødyktige som mogeleg. Dei var i røynda seremonibåtar.

 Naustet på Stend, Fana

I Noreg er det funne mange nausttomter frå om lag 200 e.Kr. som kunne hysa båtar på 15 - 20 meter, men ein visste ikkje korleis dei var bygde eller utsjånaden på dei. På tomta til Hordamuséet på Stend, Fana er det funne restar etter eit sovore naust, og det er sannsynleg at det har hyst roskip som Manger II.

Manger II er rekonstruert med 9 par årar, men til vanleg var ikkje alle i bruk samstundes. Det var spørsmål om kva som høvde best for føremålet med reisa. Var det for å syna makt og autoritet ved samkome, eller koma snøggast mogeleg fram td i krig, var alle årane i bruk. Ved transport av varer måtte desse leggjast slik at vekta vart fordelt i båten i samsvar med dei tilhøva som var venta på turen. På bilete er som oftast alle årene i bruk samstundes, men i praktisk bruk kan det høva betre å flytta på folk og bryta symmetrien på grunn av vekt- og plassfordeling i båten mm.

Som før nemt er det funne ein keip, tidfest til om lag 160 e.Kr. på Mangersnes. Dette er eldste keipen, nemd Manger III, som er funne i Skandinavia, og den var eit av dei heilage symbola for sola som gav liv, grøde og øksling, som vart funne under eit hun-bord som offer. Dette vigd til Njord/Nerthus av vanenes ætt, som var før æsene.

 Eldste kjeip funne i Skandinavia. Keip for padleroing.

Denne keipen provar at det trekanta holet for hamlebandet ikkje er dekorasjon, som hevda, men opphaveleg naudsynt for å låsa og løysa ei flatreim snøgt med ein trekanta kile. Ei flatreim har lett for å strekkja seg når den vert våt under bruk og må difor jamt stramast. Under forsøk synte det seg at når ein la midten av reima over keiptoppen og stakk dei to endane inn gjennom det trekanta holet frå innsida så langt dei gjekk medan bukta låg på keiptoppen og den trekanta kilen vart trykt i frå innsida med fingrane, hadde reima rette lengda. Reima vart løyst med å trykkja kilen ut frå utsida.

Årer var kjend som framkomstmåte for reisande før dei var tatt i bruk i Noreg. Små båtar med skråning oppover mot esinga kunne i overgangstida mellom padling og roing; "padleroast" av ein mann med to padleårer i to keipar, eller roast på vanleg måte med vanlege årar. Mannen sat og såg framover og "padlerodde" med stutte, snøgge åretak der årane gjekk mot og forbi keipen på innsida. Dette ser ut som skåting, men det er ikkje det. Keipane vert då mest slitne på den sida som vender mot innsida av båten, motsett av det som skjer ved vanleg roing og skoting. Kvart åretak starta tett ved båtsida. Denne "padlroinga" vart rekonstruert ut frå slitemerka på den utslitne keipen som er nemt ovanfor. Det vart gjort filmopptak av "padlroinga", og båten som var 0,9 m breid og om lag 4 m lang kom opp i ein fart på 3,92 knop. Ein ung mann med trening i slik roing vil ikkje ha problem med å klara 4 -5-knop over ei lang strekning.

Conrad Engelhardt leia utgravingane i Nydam Mose, då den tysk-danske krig braut ut i 1864 og stoppa arbeidet. I 1865 fekk han sjå eit særtrykk av ein tale av den norske folkelivsgranskaren Eilert Sundt og fann at det var stor likskap mellom ein keip frå ein nordlndsbåt og ein frå Nydam. I røynda er skilnaden nær på så stor som den kan vera når to keipar skal samanliknast.

Framleis vert det drøvtygd på denne likskapen gjennom meir enn 1800 år, men funn på Mangersnes frå ein tidsbolk på 600 år fortel om ei utvikling gjennom heile denne tidsbolken. den form og feste ein keip fekk, var påverka av mange tilhøve, ikkje berre materielle, men og sosiale og religiøse tilhøve i eit lagdelt samfunn.

hvdingk.gif (30299 bytes)

 Høvdingkeipen, forma som eit fabeldyr.

Eit døme på dette er høvdingkeipen, funne på Mangersnes i 1988. Dette er ikkje ein vanleg brukskeip, avdi kunstnaren som har laga keipen har svekka den som bruksting, for å få fram noko av dåmen frå eit fabeldyr som han har forma i sine tankar. For å syna auga på dette dyret har han laga holet for hamlebandet slik at det kan riva sund ringen rundt auga, og keipen høver difor ikkje til vanleg bruk. Denne keipen har vore nytta på ein statusbåt på Nesvatnet og Mangerfjorden i godver.

btbord.gif (8907 bytes)

 Bårbord for klinking med jarnnaglar.

Eit båtbord 1,65 m langt, 14C tidfest til om lag 465 e.Kr vart funne på Mangersnes, og det var nederste bordet ved ein av stamnane. store kvistar nær spissen kan vera årsaka til at det ikkje har vore i båt, men det kan óg ha vore ein mal. Dette bordet er laga for sauming og skøyting med jarnsaum. Halsnøybåten har same tidfestinga med 14C, men den er sauma saman med lindebast. Som på Hjortspringbåten og Valderøybåten er det einskildsting som står loddbeint på sua. Skilnaden er at begge saumhola går gjennom sjølve sua, mot før på begge sider av denne. Tidlegare var tråden låst og hola tetta med ein kile, men her var det nytta tynne ospenaglar som gjekk gjennom begge borda i sua i staden for kilar i hola på begge sider av sua. Dette låste tråden og tetta hola som før, men i tillegg hindra naglane rørsle mellom borda, slik at tråden ikkje vart klypt. Dette er ei su for klinking med jarnsaum, men det vart nytta tråd avdi dette var billegare enn jarnsaum og sterkt nok for små båtar.

 Sauming av båtbord.

 Halsnøybåten  Skoltesamisk båt

Den sterkaste, enklaste og billegaste sauminga med tråd vart nytta av skoltesamane i Berentshavet om lag 1875. Det er i behald to slike båtar ved Tromsø muséum. Båtborda er sauma saman med ein tråd i heile lengda og hola står i to parallelle raster oppe og nede på sua. Loddlina frå kvart hol oppe kjem midt mellom hola i nederste rast. Ein ser berre dei sauma stinga som parallelle skråstrek på utsida, der dei ligg nedfelt i vernespor. Hola er om lag 6 mm i tverrmål og naglen som låste tråden og tetta holet var om lag 5,5 mm i tverrmål. Stinga vart låst og tetta etter kvart under sauminga. Dette er truleg dei einaste båtane som er i behald med ein tråd for sauminga, for Hjortspringbåten vart ikkje sauma med ein tråd frå sting til sting, som det tidlegare var hevda. Truleg var det avtrykk etter ein "armeringstråd" i tetningsstoffet på sukanten inne i båten. Denne tråden vart tolka som saumtråd, men einskildstinga gjekk rundt tråden og held den på plass.

slitspa.gif (12015 bytes)

 Tverrstag frå ein båt med slitespor etter fiskesnøre.

 (øverst i biletet foto av funnet, originalen, slik den er etter konservering)

På små båtar som Halsnøybåten, var det ikkje naudsynt at esingbordet hang på spanttoppane, for roaren sat ikkje på ei tofte, men på ein kvistbunt eller noko anna på botnplanken. Det er funne båtrestar og åre frå båtar som var om lag 0,9 m breide. det har vore minat tre tverrstag i kvar båt og det einaste som er funne i Noreg er rekonstruert til om lag 0,8 m langt, og det stod på esinga bak midten av båten. Det var eit markert slitespor frå eit tjukt fiskesnøre på skrå over staget, og i dette sporet var det eit slitespor frå eit tynt fiskesnøre. På Halsnøybåten vart det funne firkanta hol i esinga, som mellom anna var gissa på å vera hol for førebels stag for avstivning under oppbygging av båten. Det var fleire trykkmerke etter avstiving, men det er ikkje nokon som lagar firkanta hol i esinga for førebels stag.

Det er mogeleg at Manger II hadde "armeringstråd" på sukanten for teningsmasse for dei borda som jamt over var høgare enn vassyta på utsida, slik som på Hjortspringbåten. For Manger II vil "arnmeringstråden" koma på 2., 3., og 4. bord nedanfrå og med det høgare enn gangflakane inne i båten.

På Valderøybåten er det nytta ulltråd eller remser av ullty innsett med tjøre som tetningsstoff mellom borda i sua, og det var truleg slik på Manger II óg. Under 3., 4., 5., 6. og 7. tofte var det truleg støtte på midten av tofta til botnplanker. Tverr-avstivinga utanom toftene er det uråd å seia noko om.

Veikingar hadde ikkje noko å gjera på eit roskip. Mannskapet måtte vera båtvante og disiplinerte for å kunne meistra tilhøva i fleire døger på ein sovoren båt på langfart.

 Spantfragment frå om lag 80 e.Kr.

Eit uvanleg spantfragment var funne på Mangersnes. Dette er tidfest med 14C til om lag 80 e.Kr., og er soleis den eldste båtdel som er funne i Noreg, om lag 250 år eldre enn Valderøybåten. Det har vore surra til surringsklampar på båtborda med sterk snor som vekslar side på spantet frå hol til hol og ligg i eit vernespor mellom hola. Desse er firkanta og det har vore nytta kilar for å låsa tråden i kvart hol. det er 12,5 cm frå midte til midte på hola i spantet, og det er som på Manger II. Desse to funna låg berre 1,5 m frå kvarandre og i same laget, men Manger II er mykje større. Sauminga har vore som på Valderøybåten med dyresener som saum. Denne båten har fått nemninga Manger IV, 14C om lag 80 e.Kr.

Det er funne 5 bryne i oldtidslaga på Mangersnes og eit av desse er kome bort etter innlevering. Eit er av hardsorten, medan dei tre andre er av blautsein og alle fire er frå Eidsborg i Telemark. Dette vart bekrefta av geolog Helge Askvik som har arbeid med Eidsborgbryne. Det var Arne Emil Chrisensen som sette finnaren på sporet då han synte fram ein brynestein frå Eidsborg, som han ved eit tilfelle hadde med seg i bilen. Det var same fargen og same ljose spettene, som på det som vart funne på Mangersnes.

Det har ikkje vore "skreppehandlarar" som bar brynestein over fjell og fjord frå Eidsborg i Telemark til Mangersnes i Nordhordland.

Dei båtrestane som er funne på staden stammar frå båtar som var for små til å dra langt avgarde med. Samstundes var heile opplegget ved Nesvågen med fiskefeller og trearbeidsverksemd med bygging og vøla av båtar på eit plan som krov eit organisert, lagdelt samfunn med ein ættehøvding/småkonge på toppen. Ein kontinuitet i verksemda på minst 600 år fortel og at det ikkje berre var ei verksemd grunna på tilfeldige tilhøve, men at det ligg naturgjevne tilhøve som grunnlag for verksemda.

Ut frå dette var det venta at ein kunne finna restar frå ein båt som høvde for langfart, men det var ikkje venta å finna ein sovoren båt frå før 200 e.Kr., då bygginga av store båtar tok til og ein del av verksemda vart flytta til landtangen mellom Nesvågen og Nordre Husvika og kunne her i livd av Buneset halda fram med verksemd med store båtar når det var trong for det.

Med Manger II var det mogeleg å reisa til Danmark, Nord Tyskland og England på handelsferder med fisk mm. På veg heim kunne dei få med seg brynesteinar for eige bruk og til handelsvare.

Det er ikkje tvil om at arbeidarane i treverksemda var dei som passa på fiskeinnsig og løyste ut fiskefella ved innsig av fisk jaga av kval og kobbe. I somme høve fekk dei truleg og nokre av forfølgjarane med i "kastet" når dei løyste ut fella. Det er funne reiskap for snøgg-uløysing av ei stram line, og dette kan ha vore nytta i fella og har vore i bruk heilt opp mot vår tid m.a. til å løysa råseglet i kastevind. Dette er kalla slippestikk. Det er vidare funne ei padleåre som vart nytta til å jaga fisk den rette vegen. Den er flat på undersida og usymetrisk rund på oversida, og er her forma som oversida på framluffen på ein kobbe. Når den vert nytta med den runde sida ned; ligg den roleg i handa under bruk, men vert åra snudd jagar den fram og attende i boge og lagar sterk straum i vatnet. Åra er vêl forarbeidd, og det må vera ei åre for å jaga fisk inn i ei felle. Fisken oppfatta truleg strøymingane som dei ein kobbe og ein kval lagar.

Det er funne reiskap for handsaming av tømmer mm og ymse reiskap for oppsetning av båt og for tetting av båtar. Eit drikkekar på om lag 1,2 liter av eik, reresentert med 1 1/2 stav, er levert inn saman med ein større stav. Denne er i behald, men eikestavane er ikkje å finna. Det er og funne jordbruksreiskap som fire ardskjer, to ugrasklør, den eine laga for barn, og ei lita jordhakke. Det er rekonstruert ein handdrill som lagar hol med tverrmål på 4 mm, som det tek omlag 4 sekund å bora 4 cm djupt i turt tre med. Den er dreven av ei bogesnor.

Det er ein bonde- og fiskarkultur som er funnen og finnaren gav den nemninga "Mangerkulturen" og båtrestane fekk fellesnemninga "Mangerbåtane", for dei som var funne og dei som ville verta funne på staden i fratida. Når båtane gjev informasjon om utviklinga vert dei nemd Manger I, Manger II osb. Den eldste keipen med trekanta hol har nemninga Manger III.

Det har nokre gonger vore litt skriving om Mangersfunnet i aviser, tidsskrift mm. I Arkeo nr 1, 1989 har Øystein Ekroll, som leia muséet sine utgravingar i 1986 - 87, ein artikkel under overskrifta "Farvel til båten?". Avslutninga sitert her;

Den eldste keipen og spantet frå Mangersnes (fig 1 og 4) viser i alle tekniske trekk nært samband med med det danske Nydamskipet. I Bjørke i Nord-Sverige er funne ein båt frå same tid og same byggemåte. Det viser at alt i romartid var båtbyggjartradisjonane like i heile Skandinavia. Var grunnen at menneska den gongen reiste og lærde av kvarandre - i båt?

 

 

tverr1.gif (23876 bytes)

 

Stokkebåt frå Bjørke, Sverige, med påklinka bord oppe.

 Tverrsnitt av Nydam B

 Tverrsnitt av Manger I

Spantet frå Mangersnes har fleire fellestrekk med Nydamskipet, men Bjørkebåten er ein utspent stokkebåt med eit bord oppe på kvar side, og denne båten har derfor ikkje tekniske trekk felles med Nydamskipet eller spantet frå Mangersnes, som er samanbygde båter frå bunnstokk til esing.

 

Dersom det i det vidare arbeidet med utgravingar på Mangersnes kjem fram nye ting som kan fortelja meir om utviklinga av båtane, vil det verta gjeve fleire framstellingar om dette stoffet. I tilegg til funna det er skrive om her, er det gjort funn som fortel om Mangerkulturen, funn frå ei tid på ca 600 år. Gjennom arbeid med desse funna vil det verta mogeleg å skriva også om Mangerkulturen og ikkje berre om båtane


Ved innføring av Internett er det no kome eit hjelperåd for spreiing av informasjon som dei ymse "laug" ikkje kan hindra, eller styra slik det høver for deira interesser. Sanninga er eit underordna spørsmål. Det er interesser som er avgjerdande, og dette gjev seg ymse utslag som det ikkje "bør" snakkast høgt om. Minst av alt det som er avskjerma med nemninga vitskap, og i tillegg er eit kollegialt miljø, som i mange høve må vera ei påkjenning for dei som verkeleg er noko, men ei hjelp for mange.


LITTERATURLISTE/14C DATERINGAR

10. februar 1998

 

© Bård Kolflåth

Tilrettelagt for Internett av Harald J. Stanghelle